Nytt skieldorado

Dei siste åra har det vakse fram ein hyttelandsby med tilhøyrande skiheisanlegg i Myrkdalen, ein halvtimes køyretur nordover frå Voss. Og like ved er det ein stor campingplass, open både sommar og vinter.

Den nye hyttelandsbyen i Myrkdalen ved Voss har vakse fram på nokre få år. Bakanfor ligg skiheisane med flott turterreng. 

Myrkdalen

For dei som ofte høyrer på vegmeldingane, er Vikafjellet eit kjent namn. Om vinteren ofte stengt som følgje av uver. Men rett nedanfor Vikafjellet på sørsida, går vegen gjennom Myrkdalen, ein dal med vid botn og slake lier. I ei av desse har det vakse fram ein stor hyttelandsby dei siste åra. Rett ved sida ligg skiheisar, som på eit kvarters tid tek deg med opp til over 1000 meter. Derifrå kan ein velja mellom alpinløyper alt etter dugleik og dagsform.

Øverste skitrekket sluttar godt over 1000-meters-merket over havet. Derifrå går ei rekkje skiløyper ned att, alt etter dugleik og mot. Foto: Bjarne Eikefjord

Slalom

Ikke mange stader er det mogeleg å stå på ski frå snaufjellet og ned gjennom tregrensa til kafeteriane i dalbotnen. Berre Hemsedal og Trysil kan konkurrere i så måte. Men for vestlendingar flest er det mykje kortare til Myrkdalen, og der finn dei om lag same tilboda. Oppover i lia ligg hyttene tett i tett, bygde saman som om dei søkjer ly for vinterstormane. For på toppane bles det, ofte, lenge og kraftig. Men når sola skin og snøen ligg der som eit kvitt teppe, er det berre å spenne på seg skia og dra av gårde.

Berre eit par kilometer frå skieldoradoet ligg Myrkdalen Camping, med tilbod til både fastliggjarar og tilreisande. Foto: Bjarne Eikefjord

Campingplass åpen hele året

Eit par kilometer nedanfor sjølve hyttebyen, ligg ein campingplass som er open året rundt, både for fastliggjarar og tilreisande. Og ein treng ikkje reise over Vikafjellet for å kome dit. Frå Austlandet kan ein kome på gode vegar over både Filefjell, Hemsedalsfjellet og Hol - Aurland, om ein ynskjer noko anna enn trafikkorken i skiløypene i Hemsedal.

Første stolheisen går over tregrensa til snaufjellet. Foto: Bjarne Eikefjord

Korleis kome dit:

Austfrå: Frå Hallingdal enten over Hol –Aurland eller Hemsedal til Lærdal. Deretter via Flåm og Gudvangen til Vinje, og deretter i retning Vik i Sogn. Vestfrå: Hovudvegen frå Bergen mot Voss til Vinje, deretter mot Vik i Sogn. Camping: Myrkdalen Camping nokre få kilometer frå skianlegga. Parkeringsplass for bubilar ved hotellet.